Gouldbreen er ein isbre, 22 km lang, på austkysten av Graham Land i Antarktis, som flyt søraustover og ut i Millfjorden, vest for Aagaardbreen. Han vart først kartlagt av Falklands Islands Dependencies Survey i 1946–47, og namngjeve «East Gouldbreen». I lag med «West Gouldbreen» vart han rapportert å fylle eit tverrgåande søkk over Graham Land, men ytterlegare landmåling i 1957 avslørte at det ikkje var noko topografisk samanheng mellom dei to. Namnet Gouldbreen, etter Rupert T. Gould, ein britisk polarhistorikar og kartograf, vert i dag berre nytta om denne breen, medan den vestlege breen har fått namnet Erskinebreen.[1]

Gouldbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 66°47′S 64°39′W / 66.783°S 64.650°W / -66.783; -64.650
Lengd 22 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Gouldbreen
66°47′00″S 64°39′00″W / 66.7833°S 64.65°W / -66.7833; -64.65
Gouldbreen is located in Antarktis
Gouldbreen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Gould Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gouldbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).