Erskinebreen
Erskinebreen er ein isbre som er 16 nautiske mil lang og ligg på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Breen flyt vest og ut i Darbel Bay nord for Hopkinsbreen. Han vart først kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1946–47, og namngjeve «West Gouldbreen». I lag med East Gouldbreen vart han rapportert å fylle ein tverrgåande dal over Graham Land, men etter meir nøye landmåling i 1957 synte ein at det ikkje var noko topografisk samanheng mellom dei to. Namnet Gouldbreen vart avgrensa til den austlege breen, og eit heilt nytt namn, etter Angus B. Erskine som leia den første gruppa frå FIDS ned breen, har sidan vorte godkjend for den vestlege breen.[1]
Erskinebreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 66°29′S 65°40′W / 66.483°S 65.667°W | ||
Lengd | 30 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Erskinebreen 66°29′00″S 65°40′00″W / 66.4833°S 65.6667°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Erskine Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 6. januar 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Erskinebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).