Gp350
Gp350 er eit glykoprotein i virusmembranen på Epstein-Barr-viruset (EBV) og i membranen til seller viruset har infisert. Det er det mest talrike glykoproteinet i båe desse membranane. Det bind seg til komplementreseptor 2 (CR2) på yta av B-seller og fører slik til opptak inn i B-sella. Det er sterkt konservert mellom ulike variantar av EBV og har vore studert med tanke på å utvikla ein vaksine mot viruset.
Kjelder
endre- Cohen, Jeffrey I (2015). «Epstein–barr virus vaccines». Clinical & Translational Immunology 4: e32. doi:10.1038/cti.2014.27.