Virusmembranar er lipiddobbeltlag som omgjev ein del virus, inkludert visse bakterievirus, plantevirus og soppvirus. Dei inneheld protein frå viruset sitt eige genom og gjerne òg membranprotein frå vertssella. Dei har ulike roller, som vern av arvestoffet (DNA eller RNA), å løyna viruset frå immunforsvaret og å føra viruset inn i ei vertsselle. Nydanna virus med ein ytre membran kan forlata vertssella si utan å øydeleggja sellemembranen hennar, og treng slik heller ikkje å drepa vertssella si for å nå ut til nye vertsseller.[1][2]

Oppbygginga til eit herpesvirus med virusmembran

Virusa får membranane sine når dei knoppar seg ut av ein membran i vertssella; i hovudsak frå plasmamembranen, men òg frå andre membranar, som membranane til golgiapparatet og endoplasmatisk retikulum. Kva membran dei vert danna frå er avhengig av virusart.[1][3] Sjølv om virusmembranane har opphav i vertssella, kan lipidsamansetjinga deira skilja seg frå den membranane i vertssella har.[2]

Dei fleste virus med membran infiserer seller utan sellevegg (slik som dyreseller), medan dei fleste virus utan membran infiserer seller med sellevegg.[1]

Ved inngang i ei vertsselle vil virusmembranen smelta saman med membranen til vertssella og virusarvestoffet vert ført inn i sella. Denne prosessen krev energi og vert drive av glykoproteinkompleks i virusmembranen. Desse glykoproteina syner seg gjerne som piggar på elektronmikroskopbilete.[4] Glykoprotein i virusmembranar vert danna på yta av endoplasmatisk retikulum og sende inn denne organellen medan dei vert danna. Glykoprotein frå virus er ofte meir glykosylerte enn protein frå verten, kanskje for å løyna epitopar frå immunforsvaret.[3]

I seller som har sellevegger, som hjå dei fleste bakteriane, soppar og planter, er tilhøva annleis for virus med membranar og dei lyt ha metodar for å trengja gjennom eller gå utanom selleveggen. Bakteriofagar i slektene Corticovirus og Tectivirus har ikkje ytre membranar, men indre membranar omgjevne av viruskapsidet. Bakteriofagar i slekta Cystovirus har derimot ein ytre membran. Bakteriofagar i slekta Plasmavirus, som infiserer dei sellevegglause bakteriane i slekta Mycoplasma, har òg ein ytre membran. Virus med to membranar er òg kjende, til dømes[5] Vaccinia-viruset.[1][2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Buchmann, Jan P.; Holmes, Edward C. (2015). «Cell Walls and the Convergent Evolution of the Viral Envelope». Microbiology and Molecular Biology Reviews 79 (4): 403. PMID 26378223. doi:10.1128/MMBR.00017-15. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Welsch, Sonja; Müller, Barbara; Kräusslich, Hans-Georg (2007). «More than one door - Budding of enveloped viruses through cellular membranes». FEBS Letters 581 (11): 2089. PMID 17434167. doi:10.1016/j.febslet.2007.03.060. 
  3. 3,0 3,1 Braakman, Ineke; Van Anken, Eelco (2000). «Folding of Viral Envelope Glycoproteins in the Endoplasmic Reticulum». Traffic 1 (7): 533. PMID 11208140. doi:10.1034/j.1600-0854.2000.010702.x. 
  4. Plemper, Richard K (2011). «Cell entry of enveloped viruses». Current Opinion in Virology 1 (2): 92–100. PMC 3171968. PMID 21927634. doi:10.1016/j.coviro.2011.06.002. 
  5. Liu, Liang; Cooper, Tamara; Howley, Paul; Hayball, John (2014). «From Crescent to Mature Virion: Vaccinia Virus Assembly and Maturation». Viruses 6 (10): 3787. PMID 25296112. doi:10.3390/v6103787. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.