59°54′20″N 10°46′6″E / 59.90556°N 10.76833°E / 59.90556; 10.76833

Kart frå 1900 over Gamlebyen. Den stipla grenselina markerer Kristianias bygrense frå 1878.
Ruinane etter Clemenskyrkja i Gamlebyen i Oslo, ei av fleire sør-skandinaviske mellomalderkyrkjer som var vigde til sjøfararanes skytshelgen, St. Clemens.

Gamlebyen er eit bystrok inst og aust for Bjørvika i Oslo, i den administrative bydelen Gamle Oslo. Gamlebyen ligg mellom stroka Grønland, Galgeberg og Kværner, og litt oppetter nord- og vesthellinga på Ekebergåsen.

Middelalderparken med den utgravde dammen som syner kor den gamle strandlina for mellomalderens Oslo gjekk. I lange tider har det vore jarnbaneareal og kaier mellom dette området og Bjørvika, no er det vegar og bustadblokker. Middelalderparken er lagt på eit tidlegare jarnbaneareal med mellom anna ein jarnbaneverkstad som er nedlagd og take vare på.

Gamlebyen er det eldste byområdet innanfor notidas byområde, men er i dag ikkje mykje prega av gamal tid. Området er tettbygd, med bustadblokker fra 1800-talet og seinare tid, gamle industribygningar som vert rivne og erstatta med bustadbygningar, og store areal til jarnbane, mellom anna eit større område i Lodalen i samband med Oslo Sentralstasjon for vedlikehald, reparasjon og oppsetjing av persontog. Fram til Kristiania fekk namnet Oslo, vart Gamlebyen kalla Oslo.

I mellomalderen låg det opphavlege Oslo i det som no er Gamlebyen, men vart flytt over til andre sida av Bjørvika etter ein storbrann og kalla Christiania. Fleire låge ruinar etter bygningar i stein og tegl frå det opphavlege Oslo, særleg etter kyrkjer, ligg framme i dagen, og under overflata ligg det mykje leivningar, såkalla kulturlag, etter bustadar og ymse mennneskeleg aktivitet i gamal tid. Slike ruinar er mellom anna teke vare på i den såkalla Middelalderparken, der den gamle strandlina mot Bjørvika er rekonstruert i form av ein avlang dam. Mykje er grave ut og arkeologisk granska, mellom anna kyrkjegardar, men mykje ligg att. Det er rekna med at det var etablert ein slags bystruktur her ikring år 1000, og dette gav grunnlaget for å feire tusenårsjubileum for Oslo som by i år 2000, femti år etter at byen hadde feira 900-årsjubileet. Men det er skilde meiningar om denne såkalla bystrukturen stettar dei krava ein kan sette til ein tettbygd stad for å kunne kalla han ein mellomalderby.