Grønlandshavet

hav

Grønlandshavet er eit havområde i Nordishavet mellom Grønland, Svalbard, Jan Mayen og Island. I mange samanhengar vert Grønlandshavet rekna som ein del av Norskehavet. Det har eit areal på 465 000 km².

Grønlandshavet
hav
Land  Kongeriket Danmark,  Noreg
Del av Polhavet
Kart
Grønlandshavet
76°40′8″ N 8°10′14″ W
Grønlandshavet i Norskehavet
Grønlandshavet i Norskehavet
Grønlandshavet i Norskehavet
Wikimedia Commons: Greenland Sea

Grønlandshavet er ein arm av Nordishavet og hovudutløpet frå Nordishavet til Atlanterhavet. På grunn av drivis er dei nordlege områda sjeldan opne for skipstrafikk.

Middeldjupet i Grønlandshavet er nær 1 450 m. Det djupaste punktet finn ein i den nordaustlege delen og er på 5 600 m (Molloydjupet).

Mange lågare livsformer i botn av næringskjeda held til i Grønlandshavet. Store virvellause dyr, fiskar (som torsk, sild, uer, kveite og raudspette), fuglar og pattedyr (inkludert selar, kvalar og delfinar) lever alle av dei mindre virvellause dyra og små organismar.

Kjelder endre

Koordinatar: 76°40′N 8°10′W