Grameenphone
Grameenphone er det største føretaket innan mobiltelefoni i Bangladesh. Det er eigd 62 % av det norske telefonselskapet Telenor og 38 % av Grameen Telecom. Selskapet gjev i samarbeid med Grameen Bank mikrokredittlån til fattige kvinner. Slik får dei råd til å kjøpa ein mobiltelefon, som dei lånar ut til folk. Gjennom eit lite påslag på ringeprisen tenar eigaren av mobiltelefonen nok til både å betala lånet og til sjølv å skaffa seg ei inntekt.
Grameenphone | |||
| |||
Bransje | Telekommunikasjonsbransjen | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1997 | ||
Morselskap | Telenor | ||
Land | Bangladesh | ||
Produkt | Mobiltelefoni | ||
Grunnleggjar(ar) | Iqbal Quadir | ||
Nettstad | http://grameenphone.com |
Omfang
endreDet er i dag over 250 000 landsbytelefonar i Bangladesh. Kvinnene er organiserte i mobilselskapet The Village Phone Ladies. Landsbytelefontenesta i Bangladesh er tilgjengeleg for 60 millionar menneske og gjennomsnittleg telefonbruk for kvinnene i systemet er dobbelt så stor som for vanlege forretningsfolk. I område der vanleg infrastruktur for kommunikasjon i i liten grad er utbygd, skapar landsbytelefonane kontakt mellom landsbyar og folk som før ikkje hadde tilgjenge til slik kommunikasjon.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grameenphone» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Konsernsjef Jon Fredrik Baksaas i Telenor: Mikrokreditt i praksis
- Djuice Bangladesh Arkivert 2011-08-01 ved Wayback Machine.
- Offisiell heimeside for Bangladesh Telegraph and Telephone Board Arkivert 2006-03-11 ved Wayback Machine.
- Iqbal Quadir om The impact one cell phone can make on a village... TedTalks, July 2005