Grand Lagoon
Grand Lagoon (bulgarsk Голямата лагуна, Goljamata Laguna) er ein 1 hektar stor ferskvasslagune som ligg kring 2,4 meter over havet på Bulgarian Beach på Hurd Peninsula aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Han får tilsig frå Rezovski Creek og er skild frå sjøen av ei morene som er kring 3 meter høg. Lagunen ligg nedanfor Pesyakov Hill. På nordaustsida av lagunen ligg ein helikopterlandingsplass for den bulgarske basen, og på sørvesida ligg staden der mannskap ved basen går i land.
Grand Lagoon | |||
innsjø | |||
Grand Lagoon frå Hesperides Hill.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 62°38′30″S 60°22′05″W / 62.64167°S 60.36806°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Grand Lagoon 62°38′30″S 60°22′05″W / 62.6417°S 60.3681°W | |||