Bulgarian Beach
Bulgarian Beach (Balgarsko Kraybrezhie) er ein kyst nord på Hurd Peninsula, aust på Livingston Island i Antarktis. Kysten som strekkjer seg 2,3 km frå Hespérides Point i sørvest til Perunikabreen i nordaust, og dannar søraustkysten av Emona Anchorage.
Bulgarian Beach | |||
strand | |||
Sinemorets Hill og St. Kliment Ohridski-basen på Bulgarian Beach.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°38′12″S 60°21′36″W / 62.63667°S 60.36000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Bulgarian Beach 62°38′12″S 60°21′36″W / 62.6367°S 60.36°W | |||
Stranda består av fire hovudsakleg steinstrender skild av ei klippe som lokalt vert kalla Greenpeace Rock. Denne er seks meter høg og ligg 800 meter nordaust for Hespérides Point ved Spanish Point og av eit mindre namnlaust nes som ligg 400 m nordaust for sistnemnde. Den siste stranda er ei smal stripe under klippa som er ein de av Perunikabreen. Bulgarian Beach ligg nedanfor ei rekkje på dei fem åsane Hesperides Hill, Pesyakov Hill, Sinemorets Hill, Spanish Knoll og Belozem Hill. Om sommaren er området stort sett snøfritt og vert kryssa av fire bekkar som drenerer nordvestsida av Balkan snøfelt. Ved den første stranda, lokalt kalla Base Beach, ligg delvis Grand Lagoon som vert danna av Rezovski Creek.
Området var kjend og truleg vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som vitja South Bay og særleg den nærliggande Johnsons Dock.