Grand Prismatic Spring

Grand Prismatic Spring er ei varm kjelde i Yellowstone nasjonalpark i USA. Ho er den tredje største slike kjelda i verda,[1] etter Frying Pan LakeNew Zealand og Boiling LakeDominica. Han ligg i eit geotermisk område kjent som Midway Geyser Basin.

Grand Prismatic Spring
varmekjelde
Land  USA
Stat Wyoming
Fylke Teton County
Stad Yellowstone nasjonalpark
Kart
Grand Prismatic Spring
44°31′30″N 110°50′18″W / 44.5250716°N 110.8381984°W / 44.5250716; -110.8381984
Wikimedia Commons: Grand Prismatic Spring

Grand Prismatic Spring blei omtalt av geologar som var med på å utføra Hayden Geological Survey i 1871. Dei gav han namnet «Prismatic» etter dei slåande fargane hans, som minner om regnbogefargane til kvitt lys spreidd av eit optisk prisme: raudt, oransje, gult, grønt og blått.[2]

Historie endre

Dei fyrste nedteikningane om kjelda kjem frå tidlege europeiske utforskarar og landmålarar. I 1839 reiste ei gruppe pelsjgegar frå American Fur Company gjennom Midway Geyser Basin og noterte seg ein «kokande sjø»[a] mest truleg Grand Prismatic Spring,[3] med ein diameter på 300 fot (90 m). I 1870 vitja Washburn–Langford–Doane-ekspedisjonen kjelda, og merka seg ein geysir på 50-fot (15 m) i nærleiken som seinare blei kalla Excelsior).[4][5]

Farge endre

 
Mikrobematte

Dei sterke fargane i kjelda kjem av mikrobematter rundt kantane av det mineralrike vatnet. Mattene lager farger frå grønt til raudt; fargen kjem an på forholdet mellom klorofyll og karotenoid og på temperaturskilnaden i vatnet. Om sommaren er gjerne mattene oransje til raude, medan om vinteren er dei vanlegvis mørkegrøne.[6] Midten av sjøen er sterilt på grunn av den sterke varmen.

Den djupe blåfargen til vatnet kjem av den innebygde fargen til vatn. Effekten er sterkast i midten av kjelda på grunn av den stere tilstanden og djupna her.[7]

Fysisk struktur endre

Kjelda er rundt 370 fot (110 m) i diameter og er 160 fot (50 m) djup. Ein reknar med at ho slepp ut 560 US gallon (2 100 L) av vatn på 160 °F (70 °C) per minutt.[7][8]

Merknadar endre

  1. "boiling lake"

Kjelder endre

  1. «Steam Explosions, Earthquakes, and Volcanic Eruptions—What's in Yellowstone's Future?». U.S. Geological Survey. 
  2. Traci Bryan; Leslie Machen; Joyce Heinsz; Peggy McCracken. «Grand Prismatic Spring». Lunar and Planetary Institute. Henta 4. desember 2015. 
  3. «"The Fire Hole": Era of the American Fur Company, 1833-1840». Colter's Hell & Jackson's Hole. National Park Service. Arkivert frå originalen 12. mars 2005. 
  4. «Notes». Yellowstone National Park: Its Exploration and Establishment. National Park Service. Arkivert frå originalen 8. februar 2006. 
  5. «Part II: Definitive Knowledge - The Washburn Party (1870)». Yellowstone National Park: Its Exploration and Establishment. National Park Service. Arkivert frå originalen 13. desember 2004. 
  6. Thomas D. Brock. «Colorful Yellowstone». Life at High Temperatures. Arkivert frå originalen 25. november 2005. 
  7. 7,0 7,1 Geiling, Natasha. «The Science Behind Yellowstone's Rainbow Hot Spring». Smithsonian.com. Smithsonian Institution. Henta 17. august 2015. 
  8. «Grand Prismatic Spring». Geyser Observation and Study Association. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grand Prismatic Spring