Grane kyrkje

Koordinatar: 65°34′59″N 13°23′47″E

Grane kyrkje er ei langkyrkje frå 1860 i Grane kommune i Nordland fylke. Ho høyrer til Grane sokn i Indre Helgeland prosti. Ved kongeleg resolusjon 25. februar 1927 vart Vefsn sokn delt i tre sokn, Vefsn, Drevja og Grane, med grenser fastsett i møte 30. desember 1926 i Vefsn herredsstyre. Ved kongeleg resolusjon 5. februar 1965 vart Grane sokn utskilt frå Vefsn prestegjeld som eige prestegjeld.

Grane kyrkje
Grane kirke
Grane kirke 001.JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Indre Helgeland
Sokn Grane
Fellesråd Grane
Type Langkyrkje
Arkitekt Andreas Grendestad
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 22. juli 1860[1]
Tårn Bygd i 1890[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja, minnestein frå andre verdskrigen
Preikestol Andreas Nilsskog[2]
Altartavle Frå 1644, frå den gamle kyrkja på Dolstad
Sitjeplassar 250

Grane kyrkje
65°34′59″ N 13°23′48″ E
Wikimedia Commons: Grane kirke

Grane kyrkje er bygd i tømmer og skal ha 230 plassar.

Kyrkja ligg på Grane, rett aust for E6.

FotnotarEndra

 
Skipet «Brit» i Grane kyrkje
 
Altaret i Grane kyrkja med altertavla frå 1600-talet, som tidlegare stod i Dolstad kyrkje.

BakgrunnsstoffEndra