Graskarfamilien

Graskarfamilien
Hodgsonia heteroclita male.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Cucurbitales
Familie: Graskarfamilien Cucurbitaceae
Juss., 1789

Graskarfamilien (Cucurbitaceae) er ein plantefamilie av tofrøbladingar. Han omfattar ca. 110 slekter med ca. 640 artar; dei fleste stammar frå tropane.

Vintermelon, Benincasa pruriens, med gul blome og slyngtrådar.

Dei fleste graskarartane er urtevekstar som kan klatra ved hjelp av slyngtrådar. Dei er som regel stivhåra. Blada er langstilka, handnerva og innskorne. Dei sit som oftast spreidd og manglar akselblad.

Blomar og bladskot utviklar seg frå bladhjørnene. Blomsane er som regel gule, regelmessige og einkjønna. Hjå nokre slekter er krona samblada, hjå andre friblada. Frukta er eit bær med 6 rekkker oljerike frø utan frøhkite. Dei er omslutta av eit saftrikt vev.

Viktige plantar i graskarfamilien er mellom anna agurk, graskar, melon, vassmelon og flaskegraskar eller kalebass. Fleire prydvekstar høyrer også til familien, mellom anna espalierplanten Melothria og den hardføre, raudfrukta Thladiantha.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra