Kalebass
Kalebass (frå spansk calabaza gjennom fransk calebasse,[1] kanskje opphavleg persisk) er namnet på det hole og tørka fruktskalet frå det tropiske kalebasstreet (Crescentia cujete) i trompettrefamilien Bignoniaceae, som ein finn i Sør-Amerika. I andre område brukar ein også fruktskal av artar i graskarfamilien (Cucurbitaceae), som til dømes flaskegraskar, (Lagenaria siceraria) til slikt handverk. Ordet «kalebass» vert også brukt om drikkekar, skåler og anna handverk som er laga av slike skal.[2]
Kalebassar har ei rekkje ulike bruksområde. Dei kan brukast som flasker, glas, auser, piper, fløyter, rangler, fuglekasser og flytarar for fiskegarn.[3] Ein kan også dekorera dei gjennom måling, rissing eller utskjering.
Mat- og drikkekarEndra
MusikkEndra
- Afrikanske perkusjonsinstrumentet som shekere, axatse, balafon og caxixi er ofte laga med kalebassar.
- Det latinamerikanske perkusjonsinstrumentet güiro er laga av kalebass
- Maracas kan også lagast av kalebassar
- Dei sørasiatiske strengeinstrumenta sitar og vina har kalebassar som resonanskassar
Balafon med kalebassar som resonanskassar
DekorasjonEndra
Utskoren bolle laga av maroonar frå Surinam.
KjelderEndra
- ↑ «kalebass» i Nynorskordboka.
- ↑ «Kalebass» hjå Store norske leksikon, innhenta 4. juli 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
- ↑ «Gourd | plant and fruit», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 3. februar 2020
- «Kalebass» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. juli 2010.