Grastrimmar

Grastrimmar er ein hagereiskap som vert nytta for å slå gras og andre plante der ein ikkje kjem til med grasklyppar. Reiskapen slår plantene ved hjelp av nylonsnorer som stikk ut frå eit roterande hovud. Hovudet vert drive av ein totakts bensinmotor eller av ein elektrisk motor. Nylonsnorene er kveila opp på ein rull inne i hovudet, som til vanleg er sperra av ei brems. Når hovudet vert pressa mot marka vert rullen sleppt fri og nylonsnorene vert mata ut av sentrifugalkrafta.

Grastrimmar.
Det roterande hovudet, med nylontrådane som slår graset.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Grastrimmar