Lykkynsking
(Omdirigert frå Gratulasjon)
Gratulasjon eller lykkynsking er ei helsing eller merksemd i samband med ei gledesprega hending. Ein kan ynske til lykke med ord (som «gratulerer» eller «til lykke») og handlingar (som ein klem eller eit handtrykk), skriftleg gjennom songar, dikt, kort og telegram, eller gåver.
Det er vanleg å gje lykkynskingar ved bryllaup, fødsel, fødselsdag, høgtider, visse jubileum, og til nokon som har oppnådd noko, som ein idrettssiger, ein akademisk grad, ein pris, ei utmerking, ein rekord eller ei nyvinning.