Glede er ei positiv kjensle som ein kan få når noko ønskt skjer, eller noko uønskt ikkje skjer. Ein kan bli glad av å gjera noko ein liker, av å oppnå noko, gjennom ulike opplevingar og samhandlingar med andre og mykje anna. Å oppleva glede gjer at ein slappar av, og å vera mykje glad kan bidra til betre helse og lengre liv enn om ein kjenner seg mykje nedtrykt eller stressa.

Glede uttrykt gjennom smil, jubel og utstrekte armar.
Gledessene frå Mansfield Park av Jane Austen ved eit frieri der alle partar samtykker.

Glede er rekna som ei av dei grunnleggjande kjenslene. Ho har mykje til felles med lukke, men er gjerne rekna som meir kortvarig og knytt til augneblikket. Ein kan uttrykka glede gjennom smil, latter, rørsler og gestar, som å springa, hoppa, strekka ut lemmer og liknande.

Ordsoge endre

Ordet «glede» kjem av norrønt gleði, ei form av glaðr ('glad') som eigentleg tyder 'strålande'. Andre ord for glede er «fryd» og «frygd», frå norrønt frygð ('herlegdom') og «sæle», frå sæla, som er i slekt med «salig». Glede er mellom anna kjend som ευφορία (efforia) på gresk, som er avleidd til «eufori» og «euforisk», gaudium på latin, som er avleidd til ord for glede på fleire europeiske språk: Italiensk gioia, fransk joie og engelsk joy, «alegría» på spansk og «Freude» på tysk.

Det hebraiske ordet for «glede» er simkha (שמחה). Dette er eit religiøst omgrep og eit namn (ofte skrive Simha eller Simcha). På sanskrit heiter glede nanda. Dette kan også ha religiøs tyding, som i omgrepet ananda, og brukast i namn, som Nanda, Nandini, Anand(a) og Nandakumar. Også engelske «Joy» fekk ei sterk religiøs tyding gjennom puritanarane, og er blitt eit vanleg engelsk namn.

Kjelder til glede endre

Kva som gjev glede varierer mellom individ, samanhengar og sinnelag. Opplevingar av kjærleik, samhald, leik og moro, meining, meistring, velvære og velvilje kan ofte framkalla glede. Hjå nokre kan festar, festivalar og andre sosiale samkomer skapa glede, medan andre kan finna større glede i skaping eller nyting av kunst, musikk, arbeid eller fritidssyslar dei set pris på.

Glede er ei samansett kjensle, men ho kan hengja saman med ulike signalstoff i kroppen, som dopamin, endorfin, melatonin og serotonin. Desse kan framkallast gjennom mange av opplevingane nemnde over, men også fysisk aktivitet, risikoopplevingar, at ein sjølv eller nokon ein støttar vinn noko, at ein får tak i noko ein ønskjer seg, eller ved hjelp av ulike stimulerande middel – både lækjemiddel og rusmiddel.

Stemningsleiet hypomani kan medføra at ein opplever seg og oppfører seg uvanleg glad, utan at ei gledesbringande hending ligg bak. Dette kan vera ein del av ei psykisk liding. Om ein derimot lir av til dømes depresjon, kan det vera svært vanskeleg å framkalla gledeskjensler eller interessera seg for noko som tidlegare gav glede. Også bruk av rusmiddel kan føra til eit lågare normalstemningsleie som vil gjera det vanskeleg å oppleva naturleg glede.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«hypomani» i Store norske leksikon, snl.no. «emosjon» i Store norske leksikon, snl.no.