Gravity av Zlata Ognevitsj

song av Zlata Ognevitsj

«Gravity» var det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Zlata Ognevitsj. Songen var skriven av Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan.

«Gravity»
Eurovision Song Contest 2013
Land Ukraina
Artist(ar) Zlata Ognevitsj
Språk Engelsk
Komponist(ar) Mikhail Nekrasov
Låtskrivar(ar) Karen Kavaleryan
Resultat
Ukraina i Eurovision Song Contest
«Be My Guest»
(2012)
«Gravity»

Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir

endre

20 bidrag vart valde ut av Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny (HTKY) til å delta i Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Mellom desse var «Gravity» av Zlata Ognevitsj.

Songen starta som nummer seks i finalen, etter «Delayu Shag» av Inesh og før «Saviour» av Duet Emotion. Bidraget fekk totalt 40 poeng, 50 frå fjernsynssjåarane og 20 frå juryen, og vann tevlinga. «Gravity» får dimed representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2013.[1]

Eurovision Song Contest 2013

endre

Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Ukraina vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1

endre

Songen starta som nummer sju, etter Russland med «What If» av Dina Garipova og før Nederland med «Birds» av Anouk.

Kjelder

endre

«Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013. 

Fotnotar

endre
  1. «Zlata Ognevich is a happy winner in Ukraine» (på engelsk). Eurovision.tv. 23. desember 2012. Henta 23. mars 2013. 

Mal:Ukrainske songar i Eurovision Song Contest