Opna hovudmenyen

Zlata Ognevitsj

ukrainsk songar

Zlata Ognevitsj (fødd Inna Leonidivna Bordyuh12. januar 1986 i Murmansk) er ein russisk-ukrainsk-serbisk songar. Ho vaks opp i SudakKrimhalvøya, og har ukrainsk-serbisk far.[1]

Zlata Ognevitsj
Zlata Ohnevytj, ESC2013 press conference 08 (crop).jpg
Fødd12. januar 1986
FødestadMurmansk i Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken i Sovjetunionen (no Murmansk i Russland)
FødenamnInna Leonidivna Bordyuh
AliasZlata Ognevitsj
OpphavSovjetunionen, Russland, Ukraina
Stemmetypesopran

EurovisionEndra

Evrobachennya 2010 - Natsionalyni vidbirEndra

I 2010 valte opphavleg Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny ut artisten som skulle representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg internt, med ein nasjonal uttaking der ein kunne røyste på fem songar. Ei veke før fristen for å levere eit bidrag til Den europeiske kringkastingsunionen gjekk ut, valte kringkastaren å halde ein ny uttaking. Ognevitsj deltok med singelen «Tiny Island» i Evrobachennya 2010 - Natsionalyni vidbir. Songen er skriven av Mikhail Nekrasov og Y. Matyushenko, og vart framført på engelsk. Bidraget enda på femteplass med 30 poeng.

Evrobachennya 2011 - Natsionalyni vidbirEndra

Etter femteplassen førre år deltok Ognevitsj att i Evrobachennya 2011 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho deltok med singelen «The Kukushka» i fjerde runde, og gjekk vidare til den fyrste semifinalen. Frå semifinalen gjekk ho vidare til finalen, der bidraget enda på andreplass med 18,40 prosent av røystene. På grunn av mistankar om fusk vart det arrangert ein ny uttaking, men Ognevitsj trekte seg av di ho skulle delta på eit anna fjernsynsprogram same dag som den nye uttakinga.

Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbirEndra

I Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, deltok ho med singelen «Gravity». Songen er skriven av Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan, og vart framført på engelsk. Bidraget vann med 40 poeng.

Eurovision Song Contest 2013Endra

 
Zlata Ognevitsj i armane til Igor Vovkovinskiy.

Etter sigeren i Evrobachennya 2013 - Natsionalyni vidbir vart det klårt at «Gravity», framført av Ognevitsj og skriven av Nekrasov og Kaveleryan, ville representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2013. Bidraget gjekk vidare frå den fyrste semifinalen, der det enda på tredjeplass med 140 poeng; tolv frå Slovenia, Montenegro, Litauen, Kviterussland, Moldova, Kypros og Italia, åtte frå Danmark og Belgia, sju frå Kroatia og Russland, seks frå Estland, fem frå Serbia, to frå Austerrike, Irland og Storbritannia og eitt frå Sverige. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med ei rangering på 3,94 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med ei rangering på 5,16. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[2] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på tredjeplass med 214 poeng; tolv frå Moldova, Kviterussland, Armenia, Aserbajdsjan og Kroatia, ti frå Litauen, Spania, Estland, Malta, Kypros, Serbia, Bulgaria og Israel, åtte frå Belgia, Hellas, Georgia og Irland, sju frå Ungarn og Latvia, fem frå Nederland, Storbritannia og Italia, fire frå Romania, tre frå Danmark og Island og eitt frå Russland, Noreg og Austerrike. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget andreplass med ei rangering på 5,66 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med ei rangering på 8,74.[2]

Med seg på scena hadde Ognevitsj Igor Vovkovinskiy, den høgste levande personen i USA, som spelte ei rolle som fantasikjempe.[3] På scena var òg dei fire støttevokalistene Ann Bailey, Holly Petrie, Cleveland Watkiss og Dasha Mineeva.[3]

Junior Eurovision Song Contest 2013Endra

Saman med Timur Miroshnychenko var Ognevitsj programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina.[4] I tillegg framførte Ognevitjs «Gravity» samt nokre nyare songar.[5][6]

Evrobachennya 2014 - Natsionalyni vidbirEndra

Ognevitsj hadde ein gjesteopptreden under Evrobachennya 2014 - Natsionalyni vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark.[7][8]

FotnotarEndra