Great Garlic Girls

Great Garlic Girls er ei norsk revygruppe som sidan 1981 har opptredd med ei rekke dragshow, det vil seie førestillingar der menn kledde som kvinner framfører kostyme-, dans- og musikknummer. Gruppa vart starta av Olav Klingen, Simen Sand og Morten Rudå og premiera var på Pilen restaurant 1. juni 1981. Frå 1984 bestod gruppa av Olav Klingen, Jonny Nymoen og Terje Schröder. Olav Klingen måtte slutte i 1992 etter at ei ulykke sette ein stoppar for karriera hans. Dei to andre er fortsatt aktive. Tidlegare medlemmar av gruppa har i tillegg til Klingen vore Dean-Erik Andersen, Kåre Jonny Enderud og Geir Lillejord. Simen Sand har sidan starten vore koreograf for Great Garlic Girls.

Great Garlic Girls
Aktiv1981 -

Gruppa har turnert i Noreg, Danmark, Sverige, Vest-Tyskland og på Færøyane og Island og var med i TV-show i Noreg og Danmark. Gruppa leverte Noregs Montreux-bidrag i 1987.

30. april 2006 arrangerte gruppa 25-års-jubileumsshow på LatterAker Brygge i Oslo. Hausten 2006 oppnådde dei 1. plass på ei italiensk hitliste med låta «High Energy», som for øvrig var namnet på gruppas show i 2003.

Gruppas management er i dag Nama Management.

Bakgrunnsstoff endre