Great Island
Great Island (Oileán Mór an Barraigh på irsk) er ei øy i Cork Harbour, like utanfor Cork på Irland, ved munningen av elva Lee. Byen Cóbh ligg på øya, som er forbunde via ein vegfylling til Fota Island i nord, som igjen er forbunde til fastlandet via ei anna vegfylling. Ei jernbanelinje går på begge sider av øya til Cóbh.
Great Island | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Areal | 25,037 km² | ||
Folketal | 13 733 (2011) | ||
Great Island 51°51′57″N 8°16′02″W / 51.865833333333°N 8.2672222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Great Island, County Cork |
Namnet på øya er omsett frå det irske, som tyder «Great island of the Barrys», og viser til ein mektig normannisk familie som slo seg ned i området. Det opphavlege namnet på øya var Oilean Ard na Neimhad, 'den høge (eller viktige) øya til Neimhad'. Neimhad var ein leiar som invaderte Irland i gamal tid.
Øya skal ha over 16 000 innbyggjarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Great Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Cobh jernbanestasjon Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.
- Bilete og informasjon
- Historia til Cobh Arkivert 2005-09-24 ved Wayback Machine.