Greelyøya (russisk Остров Грили - Ostrov Grili) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho har eit areal på 127 km² og er nesten fullstendig dekt av is.

Greelyøya
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 127 km²
Folketal 0
Kart
Greelyøya
81°00′16″N 58°17′52″E / 81.004444444444°N 58.297777777778°E / 81.004444444444; 58.297777777778
Wikimedia Commons: Greely Island
Plasseringa til Zitsjy land i Frans Josefs land. Greelyøya ligg på austsida.

Greelyøya er ein del av den mindre øygruppa Zitjy land. Mellom Greelyøya og Zieglerøya ligg eit smalt sund.

Øya er kalla opp etter den amerikanske polutforskaraen Adolphus Greely.

Nærliggiande øyar endre

  • Ostrov Brosj (Остров Брош), Broschøya er ei stor øy med isfrie kystområde nord for Greelyøya. Ho har ei høgd på 228 meter over havet og er kalla opp etter Gustav Brosch, ein løytnant frå Böhmen, som deltok på den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen. Broschøya står òg oppført som Ostrov Kuna eller Ostrov Kun på mange kart. Ho fekk truleg nytt namn under den amerikanske Ziegler-Fiala-ekspedisjonen, som ikkje kjende til at ho alt hadde fått namn, på same måte som La Ronciere-øya.
  • Ostrov Kejna (Остров Кейна), Kaneøya, er ei anna stort sett isfri øy på nordaustkysten av Greelyøya, søraust for Broschøya. Mellom dei ligg eit 2 km smalt sund. Det høgaste punktet på øya er 282 meter over havet. Kaneøya vart kalla opp etter den amerikanske polarforskaren Dr. Elisha Kent Kane.

Kjelder endre