Green Rocks
Green Rocks er ei lita gruppe skjer, 1 km aust for Honkala Island og like langt frå kysten i austlege delen av Swain Islands i Antarktis. Dei vart først kartlagte frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47, og vart landmålt i 1957 i lag med Swain Islands av personell på Wilkes-stasjonen under Carl R. Eklund. Dei vart namngjevne av Eklund etter anleggssjåføren Sydney E. Green i U.S. Navy som var ein del av assistansegruppa i 1957 for gruppa som overvintra ved Wilkes-stasjonen under Det internasjonale geofysiske året.[1]
Green Rocks | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | 66°14′S 110°38′E / 66.233°S 110.633°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Green Rocks 66°14′00″S 110°37′59″E / 66.2333°S 110.633°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Green Rocks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Green Rocks» (innhald frå Geographic Names Information System).