Grensevakt er nasjonale tryggingsstyrkar som utfører kontroll langs ei landegrense. Grensevakter er ofte militære, og har politimyndigheit. Nokre av dei kan også ha oppgåver som kystvakt og redningstenester. Mellom oppgåvene til grensevakter er kontroll med kven som kryssar grensa og med kva varer, og å hindra smugling og ulovleg innvandring.

Israelsk grensepoliti i den palestinske landsbyen Nabi Salih på Vestbreidda under ein demonstrasjon i 2011.

Mellom dei mest kjende grensevaktene verda kjenner til, var dei Stasi-kontrollerte vaktpostane som kontrollerte på austtysk side av Berlinmuren og langs grensa mellom tidlegare Aust-Tyskland og Vest-Tyskland. I dag (2017) er truleg arbeidspresset størst hjå amerikanske grensevakter som patruljerer langs USA si landegrense mot Mexico.[treng kjelde]

Døme endre

Grensevakta i Finland endre

 
Tenestemann og -hund i Den finske grensevakta

I Finland er grensevakta ein militær etat underlagt Innanriksdepartementet. Den har eit mannskap på 3 600 personar, 500 er vernepliktige. Ved mobilisering inngår etaten i det finske forsvaret og får eit mannskap på om lag 23 000 personar

Hovudoppgåvene til grensevakta er:

  • vakt av Finland sine landgrenser og territorialfarvatn
  • passkontroll ved grenseovergangar, flyplassar og hamner
  • redningsteneste (i hovudsak til sjøs)
  • (i krigstid) patruljer og geriljakrigføring bak fienden sine linjer

Grensevakta i Noreg endre

 
 
Grensevakt ved Garnisonen i Sør-Varanger ved Elvenes grensestasjon 2008

I Noreg vart ordet «grensevakt» først brukt i 1905[1], under unionsforhandlingane med Sverige. Under første verdskrig var det ikkje utstasjonert norske grensevakter langs grensa mot Sverige, men marinen patruljerte i dei norske farvatna for å sikra Noreg sin nøytralitet, og at andre land sine båtar ikkje kom inn i norske farvatn utan lov. I byrjinga av 1920-åra vart grensevakter set til å vakta grensene langs Sovjetunionen. Desse grensevaktene vart òg utstasjonert under andre verdskrig.

Grensevakter i ulike land endre

Referansar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. april 2017, henta 23. april 2017