Narve Skarpmoen

Narve Skarpmoen (24. desember 186828. august 1930[1]) var ein norsk fotograf som verka i Kristiania på slutten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet.[2]

Narve Skarpmoen
Narve Skarpmoen OB.D0077.jpg
Fødd 24. desember 1868
Rollag kommune Sjå dette på Wikidata
Død

28. august 1930 (61 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke fotograf
Narve Skarpmoen på Commons

LivEndra

Skarpmoen var fødd i Rollag kommune.[3] Han flytta til Kristiania og byrja i lære hos fotograf Egeberg.[4] Han starta si eiga forretning i Karl den XIIs gate 6 på Vaterland, og i 1896 flytta han verksemda til Dronningens gate 36.[5]

Skarpmoen spesialiserte seg som presse- og friluftsfotograf. Tidleg på 1900-talet fekk fotografi etter kvart plass i avisene. Skarpmoen var ein pioner på dette området og var ein av dei fyrste fotografane som fekk publisert eit dagsaktuelt nyhendebilete i ei norsk avis. Biletet vart publisert i Aftenposten 16. september 1903. Allereie frå 1902 hadde Skarpmoen levert dagsaktuelle fotografi fra Noreg til det svenske vekemagasinet Hvar 8 dag. Skarpmoen heldt fram med å fotografere aktuelle hendingar for aviser og tidsskrift gjennom heile resten av karrieren.[6] Skarpmoen doumenterte fattigdomen i Kristiania rundt 1910 gjennom ein biletserie. Bileta er direkte, og viser at fotografen har sympati for menneske som levde under uverdige tilhøve.[7] Han var interessert i idrett og gav rabatt til idrettsutøvarar som ville late seg fotografere.

Han hadde mange tillitsverv i fotograforganisasjonane, mellom anna var han styremedlem i Norske fotografers landsforening og formann i Oslo fotografforening.[8][9]

Skarpmoen var aktiv i folkemusikkmiljøet i Kristiania rundt år 1900. Han var formann i Den nationale forening frå starten i 1894 og i 9 år. Foreninga gikk inn i 1906. Her møttest mange av spelemennene og dansarane i Kristiania. Skarpmoen spela sjølv hardingfele og i folketeljinga frå 1891 er han registrert med «Violinspil for egen regning» som yrke.[10] Medan han var fotograflærling opptredde han som «Hardangerspillemanden Narve Skarpmoen» på den populære underhaldningsstaden Bazarhallen på Youngstorget.[6] Han var primus motor for landskappleikane som vart arrangerte i Kristiania i 1903 og 1904. 1903–1904 vart det gjort opptak av hardingfeleslåttar spela av spelemennene Torstein Odden (1869–1959), Halvor O. Kravik (1859–1925)  og Steinar Gladheim (1883–1919) frå Numedal og Anders G. Stubberud (1885–1960) frå Sigdal. Desse opptaka er til no (2020) dei eldste opptaka ein kjenner til av hardingfelespel. På opptaka blir slåttane annonserte, og ein kan høyre oppmuntrande tilrop til spelet av ein som snakkar numedalsmål. Det er Narve Skarpmoen som har gjort opptaka, og det er han som snakkar.[11] Opptaka vart innført i registeret Noregs dokumentarv 4. desember 2020.[12]

Han tok opp Laagendalsfilmen i 1926 der det også var med ein del dansarar frå Numedal. Det var også han som tok det kjende biletet med eit hallingkast på 2,83 m som Olav Thorshaug gjorde på Bygdøy i 1920.[13]

GalleriEndra

ReferansarEndra

  1. «Aftenposten. Dødsfall» (pressemelding). 2. september 1930.
  2. Larsen, Peter (1943-) (2007). Norsk fotohistorie: frå daguerreotypi til digitalisering. Oslo: Samlaget. s. 151. ISBN 9788252162912
  3. Rollag kyrkjebøker, F/Fa/L0009: Ministerialbok nr. I 9, 1860-1874, s. 42.
  4. «Preus Museum», www.nb.no, henta 6. januar 2020 
  5. Bing, Morten (2015). Kristiania for 100 år siden. Fotograf Skarpmoens levende portrett av byen og menneskene. Oslo: Cappelen Damm. s. 5. ISBN 978-82-02-47127-9
  6. 6,0 6,1 «Narve Skarpmoen - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no (på norsk), henta 27. oktober 2020 
  7. Skarpmoen/Nasjonalbiblioteket, Tekst Sigurd S. Rønningen
    Foto Narve (3. oktober 2008), «Møte med nøden», www.dn.no (på norsk), henta 6. januar 2020
     
  8. Hoff, Knut (udatert). Rollag bygdebok. Band III. Rollag kommune. s. 34.
  9. «Aftenposten. Dødsfall» (pressemelding). 29. august 1930.
  10. «003 Narve Nielsen - 017 Skarpmoen (Niels) - 001 Li og Tråen - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1891 for 0632 Rollag herred - Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 5. januar 2020 
  11. «Gåve til Nasjonalbiblioteket viste seg å vere Noregs eldste opptak av folkemusikk», Nasjonalbiblioteket (på norsk bokmål), 20. april 2020, henta 30. april 2020 
  12. «Opptak av hardingfele og håndtering av epidemi inn på Norges dokumentarv», www.kulturradet.no (på norsk bokmål), henta 4. desember 2020 
  13. «Profilar», www.folkedans.com, henta 6. januar 2020