Greta Doveri (fødd 17. mai 2000 i Cascine di Buti) er ein italiensk songar og medlem i jentegruppa The Peppermints.[1]

Greta Doveri
Fødd17. mai 2000
FødestadCascine di Buti i Italia
FødenamnGreta Doveri
Aktiv2014-i dag
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Peppermints
Verka somsongar

Eurovision endre

Junior Eurovision Song Contest 2014 endre

Doveri vart vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino til å representere San Marino i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta med Rafaella Perniola, Anita Simoncini, Arianna Ulivi og Sara Dall'Olio som jentegruppa The Peppermints.[2] Gruppa framførte songen «Breaking My Heart» på engelsk og italiensk, og enda på 15. plass med 21 poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[2] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng. Songen er skriven av Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints.[2]

Fotnotar endre

  1. «Guida allo Junior Eurovision Song Contest 2014» (PDF) (på italiensk). EurofestivalNEWS. Henta 23. november 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «About The Peppermints» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 23. november 2014.