Rafaella Perniola
Rafaella Perniola (fødd 8. mars 2000 i Palagiano) er ein italiensk songar og medlem i jentegruppa The Peppermints.[1] Ho er systra til songaren Michele Perniola.[2]
Rafaella Perniola | |||
Fødd | 8. mars 2000 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Palagiano i Italia | ||
Fødenamn | Rafaella Perniola | ||
Aktiv | 2014-i dag | ||
Instrument | Vokal | ||
Tilknytte artistar | The Peppermints | ||
Verka som | songar |
Eurovision
endreJunior Eurovision Song Contest 2014
endrePerniola vart vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino til å representere San Marino i Junior Eurovision Song Contest 2014 i Marsa på Malta med Anita Simoncini, Greta Doveri, Arianna Ulivi og Sara Dall'Olio som jentegruppa The Peppermints.[2] Gruppa framførte songen «Breaking My Heart» på engelsk og italiensk, og enda på 15. plass med 21 poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[2] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng. Songen er skriven av Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints.[2] Bror hennar, Michele Perniola, representerte San Marino året før, då landet debuterte i tevlinga.[2]
Fotnotar
endre- ↑ «Guida allo Junior Eurovision Song Contest 2014» (PDF) (på italiensk). EurofestivalNEWS. Henta 22. november 2014.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «About The Peppermints» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 22. november 2014.