Anita Simoncini (fødd 14. april 1999 i Montegiardino) er ein sanmarinsk songar og medlem i jentegruppa The Peppermints.[1]

Anita Simoncini

Anita Simoncini (2015)
Fødd14. april 1999
FødestadMontegiardino i San Marino
OpphavSan Marino
Aktiv2014-i dag
Sjangerpop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe Peppermints
PlateselskapSony Music
Verka somsongar

Eurovision

endre

Junior Eurovision Song Contest 2014

endre

Simoncini vart vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino til å representere San Marino i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta med Rafaella Perniola, Greta Doveri, Arianna Ulivi og Sara Dall'Olio som jentegruppa The Peppermints.[2] Gruppa framførte songen «Breaking My Heart» på engelsk og italiensk, og enda på 15. plass med 21 poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[2] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng. Songen er skriven av Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints.[2] Simoncini vart den fyrste personen frå San Marino som representerte landet i Junior Eurovision Song Contest.[2]

Eurovision Song Contest 2015

endre

27. november 2014 annonserte Radiotelevisione della Repubblica di San Marino at dei hadde vald Simoncini og Michele Perniola til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike. Simoncini vart også den fyrste artisten til å representere ei nasjon fortlaupande i både Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest.[3][4]

Fotnotar

endre
  1. «Guida allo Junior Eurovision Song Contest 2014» (PDF) (på italiensk). EurofestivalNEWS. Henta 23. november 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «About The Peppermints» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 23. november. 
  3. Jiandani, Sanjay (27. november 2014). «San Marino: Michele Perniola and Anita Simoncini to Vienna!» (på engelsk). esctoday.com. Henta 27. november 2014. 
  4. «Anita and Michele to represent San Marino» (på engelsk). Eurovision.tv. 24. november 2014. Henta 27. november 2014.