Grethe Gynnild Johnsen

Grethe Gynnild Johnsen (fødd 18. april 1959) er ein norsk journalist.

Grethe Gynnild Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. april 1959 (65 år)
Bø kommune
Yrke journalist
Språk norsk

Johnsen kjem opphavleg frå Bø i Vesterålen, men er no busett i Bærum. Ho har vore nyhenderedaktør for Dagsrevyen sidan september 2004. Dagsrevyen ligg under NYDI i NRK sin organisasjonsmodell, og har om lag 200 medarbeidarar. Johnsen har tidlegare vore redaktør for NRK-sporten, og ho har mellom anna vore korrespondent i København.Sidan 2009 har ho vore leiar for Distriktsdivisjonen i NRK, med ansvar for alle distriktskontora og all produksjon utanfor Marienlyst.

Dagsrevy-sjefen har ansvaret for alle dei riksdekkjande nyhendesendingane til NRK: Dagsrevyen, Kveldsnytt, Siste nytt, Standpunkt, RedaksjonEN og Urix.

Bakgrunnsstoff endre