Grigorij Potemkin
Grigorij Aleksandrovitsj Potemkin (24. september 1739–16. oktober 1791) var ein russisk adelsmann med tittel av fyrste, general/feltmarskalk, statsmann, og frå 1774 de facto ektefelle og medregent med Katarina den store.[1] Han var så dominerande i sin samtid at det vart sagt at «når han ikkje var til stades ved hoffet, snakka ein ikkje om anna enn han, og når han var til stades, såg ein ikkje anna enn han».[2]
Grigorij Potemkin | |||
| |||
Fødd | 13. september 1739 Chizhevo | ||
---|---|---|---|
Død | 5. oktober 1791 Rădenii Vechi | ||
Alle titlar | knjaz | ||
Hus eller slekt | Potyomkin | ||
Gravstad | Heilage Katarinakyrkja i Kherson | ||
Land | Det russiske imperiet | ||
Far | Alexander Potemkin | ||
Ektefelle | Katarina II av Russland | ||
Sambuar | Katarina II av Russland |
Potemkin er særleg kjend for innsatsen sin for å folkesetja dei øyda områda i det sørlege Ukraina som kom under russisk kontroll ved Küçük Kaynarca-traktaten av 1774 etter det russisk-tyrkiske krigen (1768-1774). Blant byane som vart grunnlagde av Potemkin er Odessa, Kherson, Mykolajiv, Sevastopol og Dnipropetrovsk.
Kjend for falske fasadar
endreGrigorij Potemkin er truleg mest kjend for Potemkins kulisser, ei nemning for ein falsk fasade eller overflate for å skjula det verkelege utsjåande, vanlegvis til propagandaføremål.
Kjelder
endre- Bibliografi
- Encyclopædia Britannica, ellevte utgave, utgitt 1910-1911 bind 22, side 218
- Montefiore, Simon Sebag: Potemkin: Catherine the Great's Imperial Partner. Vintage Books 2005 ISBN 1-4000-7717-6
- Tetzlaff, Marie: Katarina den Store, G.E.C. Gads Forlag, København 1998 ISBN 87-12-03068-6
- Douglas Smith, Love and Conquest: Personal Correspondence of Catherine the Great and Prince Grigory Potemkin
- Denne artikkelen bygger på «Grigorij Potemkin» frå Wikipedia på bokmål, den 8. oktober 2018.