Den pontisk-kaspiske steppa
Den pontisk-kaspiske steppa er namnet på eit vidstrekt steppelandskap i området nord for Svartehavet og så langt aust som til Kaspihavet, frå sentrale område av Ukraina gjennom sørvestlege delar av Russland til vestlege område av Kasakhstan. Ho er ein del av den større Eurasiatiske steppa og grensar mot Den kasakhstanske steppa i aust.
Området omfattar Skytia og Sarmatia frå antikken.
Uttrykket den ponto-kaspiske regionen vert nytta i biogeografi for planter og dyr på desse steppene og om dyr frå Svartehavet, Kaspihavet og Azovhavet.
Geografi og økologi
endreDen pontiske steppa dekkjer eit areal på 994 000 km² og strekkjer seg frå austlege område av Romania over dei sørlege områda av Moldova, Ukraina, Russland og nordvestlege delar av Kasakhstan til Uralfjella. Den pontiske steppa grensar til Den austeuropeiske skogsteppa, som er ei overgangssone mellom grasslettene i sør og den tempererte lauvskogen i nord. I sør strekkjer den pontiske steppa seg til Svartehavet, bortsett frå Krimhalvøya og dei vestlege Kaukasusfjella, der Den krimske submiddelhavsskogen definerer den sørlege grensa til sletta. Steppa strekkjer seg vestover til Kaspihavet i Dagestan, men den tørrare kapsiske senkinga ligg mellom Den pontiske steppa og den nordvestlege og nordlege kysten av Kaspihavet. Den kasakhstanske steppa grensar til Den pontiske steppa i søraust.
Dei ponto-kaspiske sjøane er restane etter Turgaisjøen, som var ein del av Den pannoniske sjøen som strekte seg sør og aust for Uralfjella og dekte mykje av det som i dag er Den vestsibiriske sletta i mesozoikum og kenozoikum.
Førhistoriske kulturar
endre- Sredny Stog-kulturen 4500-3500 fvt.
- Jamna/Kurgan-kulturen 3500-2300 fvt.
- Katakombe-kulturen 3000-2200 fvt.
- Srubna-kulturen 1600-1200 fvt.
- Novotsjerkassk-kulturen 900-650 fvt.
Historiske nasjonar
endre- Kimmeriarar 700-600-talet fvt.
- Skytia 700-300-talet fvt.
- Sarmatianarar 400-talet fvt til 400-talet evt.
- Gotarar 200- til 500-talet
- Bulgararar 200- til 500-talet
- Hunarar 300- til 700-talet
- Alanarar 400- til 1000-talet
- Eurasiske avarar 500- til 700-talet
- Göktürkarar 500- til 700-talet
- Onogurar 700-talet
- Sabirar 500- til 700-talet
- Khazarar 500- til 1000-talet
- Petsjenegar 700- til 1000-talet
- Kiptsjakar 1000- til 1200-talet
- Den gylne horden 1200- til 1400-talet
- Kosakkar 1300- til 1700-talet
- Krim-khanatet, volgatatarar, nogaiar og andre tyrkiske statar og stammer 1400- til 1700-talet
- Det russiske keisardømet 1700- til 1900-talet
- Sovjetunionen 1900-talet
- Moldova, Kasakhstan, Russland, Ukraina 1991 til i dag
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Pontic-Caspian steppe» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2008.