Grytavatnet
Grytavatnet er ein innsjø som ligg i Ålesund kommune, Møre og Romsdal. Det var det største vatnet i tidlegare Ørskog kommune, dersom ein ser bort frå Svartløkvatnet, som ligg i tre kommunar: Ørskog, Skodje og Vestnes.
Grytavatnet ligg lengst fram i Vagsvika og er omkransa av fleire høge fjell, som for eksempel Sandegga (1364 moh.), Storbotnshornet (1370 moh.), Grytavasstinden (1328 moh.) og Lauparen (1434 moh.).
Grytavatnet ligg 664 moh. og er med det det tredje høgast liggande vatnet i Ørskog kommune, etter Litlebotnsvatnet (841 moh.) og Isvatnet (935 moh.).