Gud signe Norigs land

«Gud signe Norigs land» er ein fedrelandssong skriven av Arne Garborg, første gong trykt i Fedraheimen 15. mai 1878[1] under tittelen «Norsk Fedralandssong».

Denne songen var eit lyrisk gjennombrot for den 27 år gamle Garborg. Salmen vart m.a. trykt i Norsk songbok v/ Olaus Alvestad (1898) og i Forbundets sangbok (1900). Han vart ikkje teken inn i Nynorsk salmebok. Seinare vart han trykt i Mads Bergs Skulesongbok og med fem vers (1, 2, 4, 7 og 8) på nr 738 i Norsk salmebok.

I Fedraheimen oppgav Garborg som tone «God save the king». Sidan er det laga minst 15 melodiar til songen. I Mads Bergs songbok står songen til tonar både av Sparre Olsen og Oscar Borg, i Norsk Salmebok er det Borg sin tone frå 1905 som er nytta.

Teksten endre

(Etter Norsk songbok, 1911)


Gud signe Norigs land, kvar heim, kvar dal og strand,
kvar lund og lid! Han lat det aldri døy,
han verje bygd og øy, han verje mann og møy
til ævleg tid!
Me fekk det høgt og fritt, me fekk det vænt og vidt
med hav og fjell. Det stend so trygt og godt,
det stend so reint og blaatt rett som eit gudeslott
med solskinstjeld.
Det er vaar elsk paa jord, det er vaart beste ord,
vaar trivd og trygd. Storfrægdarmenn dei var,
som fram til oss det bar; det er vaar ættargard
til fridom bygd.
Stort arbeid ned er lagt til landsens fred og magt
fraa tid til tid. Det kostad tusund aar
i kav fraa vaar til vaar, i strid so tung og saar,
fyrr me vart fri’.

Her ligg dei, grav i grav, fraa heid og ned i hav,

som stridde so. Gud sign’ kvar ærleg svein,
som søv der under stein, Gud sign’ dei kvar og ein,
der dei er no.
Men landet, dei hev rudt, det vil me verja trutt
til siste stund. Vaar elsk og beste agt,
vaart liv og all vaar magt skal vera Norigs vakt
til siste stund.
I kjærleik varm og mild me legg vaar vilje til,
daa veks det fram. Daa fær det bløma blidt
daa fær det spyrjast vidt og alltid standa fritt
for naud og skam.
Her stig det stort og blaatt, vaart fagre heimlands slott
med tind og taarn. Og som det ervdest ned
alt fagrar’ led for led, det byggjast skal i fred
aat vaare born.

Kjelder endre

  • Kristen sang og musikk, Runa forlag, 1962 (red. Lars Aanestad, Karsten Ekorness, Sigurd Lunde og Johan B. Straume)
  • Norsk songbok ved Olaus Alvestad, Alb. Cammermeyers Forlag, Kristiania 1911 (Femte auka utgaava)

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre