Guddal kyrkje

kyrkje i Fjaler kommune

Guddal kyrkje står i Guddal søraust i Fjaler kommune i Vestland, og er ei langkyrkje som plar daterast til 1870, sjølv om delar av kyrkja er frå 1686.[1]

Guddal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fjaler
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Fjaler
Fellesråd Fjaler
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 25. september 1870
Sitjeplassar 135
Kart
Guddal kyrkje
61°14′47″N 5°31′48″E / 61.2463°N 5.53°E / 61.2463; 5.53
Wikimedia Commons: Guddal kyrkje
Guddal kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Guddal kyrkje

For å oppfylle krava til kor mange kyrkja skulle ha plass til vart gamlekyrkja utvida i både lengda og høgda i 1870. Samstundes fekk heile bygget ny kleding og det vart lagd nytt golv og panel inne, og kyrkja fekk tårn. 25. september 1870 vart kyrkja vigsla på nytt. Til jubileet i 1970 vart kyrkja pussa opp igjen.[2]

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Guddal, denne vart truleg riven på 1600-talet.[1]

Guddal kyrkje høyrer til Fjaler sokn i Sunnfjord prosti. Guddal var tidlegare eit eige kyrkjesokn,[3] men sokna i det tidlegare prestegjeldet er no ihopslegne til eitt sokn.[4]

Sjå òg endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre