For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bellona (fleirtyding).

Bellona var ei romersk krigsgudinne, kanskje av etruskisk opphav. Ho blei samanlikna med den greske gudinna Enyo.

Gudinna Bellona

Skulptur av Bellona (1878) av Auguste Rodin.
Identifisert medEnyo
MorJuno
FarJupiter
EktefelleMars
SambuarMars

Namnet Bellona heng saman med det latinske ordet for krig, bellum, og ein trur at ho var den opphavlege guddommen for krig før Mars tok over. Gudinna stod for redslene heller enn den heltemodige sida ved kriginga. I kunsten blei ho framstilt med hjelm, spyd, sverd og fakkel. Festdagen hennar var 3. juni.

Ruinar etter tempelet til Bellona i Roma.

Alle møte i det romerske senatet som hadde med utanlandsk krig å gjera blei haldne i tempelet til gudinna, Templum Bellonae, på Kapitolinarhøgda. Tempelet blei bygd i 296 f. Kr. og brann ned i 48 f. Kr.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gudinna Bellona