For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flora.

Flora var ei gudinne for vår og blomar i romersk mytologi. Ho var ein relativt uviktig guddom, men blei likevel feira kvar vår med høgtida floralia. Denne fann stad i april eller mai og blei markert med dansing, drikking og blomar. Flora stod for grøde og høgtida hennar feira gjenfødinga av livet som skjedde kvart år.

Flora. Romersk statue i marmor.

Flora var gift med vindguden Favonius. Ho svara til Chloris i gresk gudelære.

Under renessansen blei gudinna teken fram igjen og dyrka av humanistar og kunstnarar frå denne tida i ei større grad enn ho nokon gong hadde vore i Romarriket. Namnet hennar blei eit populært jentenamn og blei knytt til planteliv og vekst. Me finn det framleis i uttrykk som flora og fauna, florabok eller bakterieflora.

BakgrunnsstoffEndra