Guesalaga Peninsula
Guesalaga Peninsula er ei lita, L-forma halvøy dekt av grus på austsida av Discovery Bay på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho dannar nordvestkysten av Iquique Cove og nordsida av innløpet. Halvøya strekkjer seg 700 meter sørvestover og er 300 meter brei, med den smale landtunga Reyes Spit som strekkjer seg 400 meter sørvestover frå enden Reyes Point og ut i Discovery Bay. Den chilenske basen Arturo Prat ligg on halvøya.
Guesalaga Peninsula | |||
halvøy | |||
Guesalaga Peninsula og Arturo Prat-basen (i framgrunnen) frå English Strait, med Fuerza Aéreabreen og Breznik Heights i bakgrunnen.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Koordinatar | 62°28′45.3″S 59°40′00″W / 62.479250°S 59.66667°W | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Guesalaga Peninsula 62°28′45″S 59°40′00″W / 62.47925°S 59.66666667°W | |||
Plasseringa til Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Guesalaga Peninsula er kalla opp etter kaptein Federico Guesalaga, leiaren for Den chilenske antarktisekspedisjonen i 1947 med fregatten «Iquique» og transportskipet «Angamos» som oppretta Arturo Prat-basen, medan Reyes Point og Reyes Spit er kalla opp etter sersjant Camilo som var navigatør ombord på «Iquique».
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Guesalaga Peninsula» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2013.