Guido Westerwelle
tysk politikar (FDP)
Guido Westerwelle (27. desember 1961–18. mars 2016) var ein tysk jurist og politikar frå Bad Honnef. Han var utanriksminister i Tyskland 2009-13.
Guido Westerwelle | |
![]() | |
Fødd | 27. desember 1961 Bad Honnef |
---|---|
Død | 18. mars 2016 (54 år) |
Statsborgar av | Tyskland |
Parti | Freie Demokratische Partei |
Yrke | politikar, advokat, skribent, deltakar i internasjonale forum |
Utdanna ved | Ernst-Moritz-Arndt-Gymnasium Universitetet i Bonn Fernuniversität in Hagen |
Ektefelle | Michael Mronz |
Sambuar | Michael Mronz |
Medlem | Atlanterhavsbroen Junge Liberale |
Westerwelle var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1996 til 2013. Frå 2001 var han formann i FDP. I 2009 gjorde partiet eit historisk godt forbundsval og danna regjering i lag med CDU. Westerwelle tok posten som utanriksmister og var samstundes visekanslar for forbundskanslar Angela Merkel. Våren 2011 trekte han seg som formann i FDP og frå stillinga som visekanslar, etter å ha fått mykje kritikk for handsaminga av ei rekke saker. Westerwelle heldt fram som utanriksminister til forbundsvalet i 2013.
Han døydde av blodkreft.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Guido Westerwelle» frå Wikipedia på tysk, den 17. februar 2022.