Angela Merkel

tysk politikar

Angela Dorothea Merkel (fødd Angela Dorothea Kasner17. juli 1954 i Hamburg) er ein tysk politikar. Ho var leiar for det kristelegdemokratiske partiet CDU. Frå 22. november 2005 til 8. desember 2021 var ho tysk kanslar.[1][2] I 2007 var ho president for G8-landa. Forbes Magazine kåra Merkel til verdas mektigaste kvinne 15. gongar.[3]

Angela Merkel

Fødd17. juli 1954 (69 år)
Eimsbüttel, Hamburg
Statsborgar avTyskland
PartiChristlich Demokratische Union (1990)
Yrkepolitikar, fysikar, statsmann, kjemikar
InstitusjonarZentralinstitut für Physikalische Chemie
Presse- und Informationsamt der Bundesregierung
Utdanna vedPolytechnische Oberschule Templin
Erweiterte Oberschule Templin
Universitetet i Leipzig
Akademie der Wissenschaften der DDR
MorHerlind Kasner
FarHorst Kasner
EktefelleUlrich Merkel, Joachim Sauer
MedlemAtlanterhavsbroen
Rotary
Freie Deutsche Jugend
Helmut Kohls fjerde regjering
Helmut Kohls femte regjering
Angela Merkels første regjering
Angela Merkels andre regjering
Angela Merkels tredje regjering
Angela Merkels fjerde regjering
Alle verv
  • forbundskansler i Tyskland (2005–2021)
  • medlem av Forbundsdagen (1990–1994)
  • medlem av Forbundsdagen (1994–1998)
  • medlem av Forbundsdagen (1998–2002)
  • medlem av Forbundsdagen (2002–2005)
  • medlem av Forbundsdagen (2005–2009)
  • medlem av Forbundsdagen (2009–2013)
  • forbundsminister (Federal Ministry for the Environment, Nature Conservation, Building and Nuclear Safety, 1994–1998)
  • forbundsminister (Liste over Tysklands familieministre, 1991–1994)
  • medlem av Forbundsdagen (2013–)
  • generalsekretær i CDU (1998–2000)
  • medlem av Forbundsdagen (2017–2021)
  • leder for Christlich Demokratischen Union (2000–2018)
  • leder for CDU/CSUs fraksjon i Forbundsdagen (2002–2005)
  • Party Chairman of the CDU Mecklenburg-Western Pomerania (1993–2000)
  • President-in-Office of the European Council (2007–2007) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn endre

Merkel vart fødd i Hamburg i Vest-Tyskland, men flytta saman med familien til Templin i Aust-Tyskland. Ho voks opp i Templin. Ho tok doktorgraden i fysikk i 1986 ved universitetet i Leipzig.[4] I 1989 engasjerte ho seg i den opposisjonelle partidanninga Demokratischer Aufbruch, som i 1990 gjekk saman med det austtyske CDU.

Etter at Tyskland igjen vart samla i 1990 vart Merkel vald inn i Forbundsdagen. Frå 1991 til 1994 var ho minister for familiedepartementet og frå 1994 til 1998 miljøvernminister i regjeringa til Helmut Kohl.[4]

I april 2000 vart ho vald til partileiar i CDU. I samband med Forbundsdagsvalet 2005 var ho høgresida sin kandidat til embetet som tysk forbundskanslar, mot den sitjande kanslaren Gerhard Schröder. Den 10. oktober 2005 vart det kunngjort at partia CDU, CSU og SPD hadde kome fram til ei avtale om at Merkel skulle verte ny kanslar, ho vart dermed den fyrste kvinnelege kanslaren i Tyskland.[5]

Kjelder endre

  1. «Die Karlspreisträgerin 2008 Angela Merkel», www.karlspreis.de, henta 28. november 2022 
  2. Nienaber, Michael (8. desember 2021). «Scholz takes over as German chancellor, ending Merkel era». Reuters (på engelsk). 
  3. Releases, Forbes Press, «Angela Merkel, Christine Lagarde And Kamala Harris Top Forbes’ 100 Most Powerful Women List», Forbes (på engelsk), henta 28. november 2022 
  4. 4,0 4,1 «Merkel, Angela | Bundesstiftung zur Aufarbeitung der SED-Diktatur», www.bundesstiftung-aufarbeitung.de (på tysk), henta 28. november 2022 
  5. «Angela Merkel: Germany's shrewd political survivor». BBC News (på engelsk). 15. august 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Angela Merkel