Freie Demokratische Partei

(Omdirigert frå FDP)

Freie Demokratische Partei (FDP), på norsk Det frie demokratiske partiet, er eit liberalt politisk parti i Tyskland. Det er medlem av Den liberale internasjonale, og kan soleis sjåast som eit systerparti til Venstre i Noreg. Leiaren, sidan 2013, er Christian Lindner.

Freie Demokratische Partei

LandTyskland
Partileiar(ar)Christian Lindner
GeneralsekretærVolker Wissing
Grunnlagt12. desember 1948
HovudkvarterBerlin[1]
Medlemstal76 100 (31. desember 2022)[2]
Ideologiklassisk liberalisme, marknadsliberalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-høgre, sentrisme
Fargegul[3]

Partiet var i den tyske forbundsregjeringen frå 1949 til 1956, frå 1961 til 1966, frå 1969 til 1998 og frå oktober 2009 til 2013.

FDP var representert i Forbundsdagen ved alle val frå det første i 1949 til 2009. Ved valet i 2013 klarte partiet ikkje å overskride sperregrensen på 5% landsdekkjande oppslutning og falle dermed ut av Forbundsdagen. Det same skjedde ved valet i Bayern ei veke tidlegare.

Partiet er meir marknadsliberalt orientert enn sitt norske søsterparti. Det er svært positivt til EU og går inn for tettare europeisk integrasjon og felles utanriks- og tryggjingspolitikk.

Partiet si ungdomsrørsle heiter Junge Liberale (Julis).

Historie endre

FDP har røtene sine i tidlegare liberale parti i tysk historie. Under Weimar-republikken i mellomkrigstida eksisterte mellom anna dei to partia Deutsche Demokratische Partei (Det tyske demokratiske partiet) og Deutsche Volkspartei (Det tyske folkepartiet). Desse partia oppløyste seg under press frå nazistane i 1933. Etter den andre verdskrigen vart fleire liberale parti grunnlagde i den vestlege okkupasjonssona av Tyskland. Die Freie Demokratische Partei vart grunnlagd 11. desember 1948 i Heppenheim an der Bergstraße, som ei samanslutning av alle liberale parti i den vestlege okkupasjonssona. Første formann var Theodor Heuss. Staden for partigrunnleggjinga vart vald, fordi det 10. oktober 1847 fann stad eit møte der i forkant av den liberale marsrevolusjonen i 1848. Ved dei første forbundsdagsvala i Vest-Tyskland 14. august 1949 fekk partiet 11,9 % av røystene. I september same år vart partileiaren Theodor Heuss vald til den første presidenten i Forbundsrepublikken Tyskland (BRD).

FDP har delteke i koalisjonsregjeringar med begge dei to store partia i Tyskland, det konservative CDU og det sosialdemokratiske SPD. Til saman har det site i forbundsregjeringa i 45 år, men alltid som det minste partiet i ei koalisjonsregjering. Oppslutninga ved forbundsdagsval har stort sett lege rundt 10 %. Partiet hadde forbundspresidenten frå 1949 - 1959 (Theodor Heuss) og frå 1974 - 1979 (Walter Scheel).

Partileiarar frå 1948 endre

Valresultat endre

Val til Forbundsdagen 1949-2013
Årstal Prosent av røystene Mandat
2013 4,8 %
2009 14,6 % 93
2005 9,8 % 61
2002 7,4 % 47
1998 6,2 % 43
1994 6,9 % 47
1990 11,0 % 79
1987 9,1 % 46
1983 6,9 % 34
1980 10,6 % 53
1976 7,9 % 39
1972 8,4 % 41
1969 5,8 % 30
1965 9,5 % 49
1961 12,8 % 67
1957 7,7 % 41
1953 9,5 % 48
1949 11,9 % 52

Kjelder endre

  1. http://www.fdp.de/content/impressum; vitjingsdato: 7. november 2015.
  2. «Gegen den Ampel-Trend: Grüne wachsen weiter»; vitjingsdato: 14. mars 2023; publisert i: Merkur; utgjevingstidspunkt: 2. mars 2023.
  3. https://www.fdp.de/media/245/download?inline; side(r): 6.

Bakgrunnsstoff endre