Guillaume Hoarau
fransk fotballspelar
Guillaume Hoarau (fødd 5. mars 1984 i Saint-Louis på Réunion) er ein fransk fotballspelar som har spela for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1. Han har òg landskampar for Frankrike.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 5. mars 1984 | ||
Fødestad | Saint-Louis på Réunion | ||
Høgd | 193 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Paris Saint-Germain | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1994-2001 | Saint-Pierroise | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-03 2004-08 2006-07 2008- |
Saint-Pierroise Le Havre Gueugnon Paris Saint-Germain |
81 (33) 21 (8) 55 (23) | |
Landslag | |||
2010- | Frankrike | 2 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. mai 2010 |
Hoarau sin første fotballklubb var Saint-Pierroise, på heimøya Réunion. I 2004 drog han til Europa og Le Havre i Ligue 2. I 2008 gjekk han til Paris Saint-Germain for ein overgangssum på 500 000 euro. Den siste sesongen hans i Le Havre vart han toppskårar i Ligue 2 og var med på å vinna opprykk til Ligue 1 for klubben.
Hoarau debuterte for Frankrike sitt A-landslag 11. august 2010 i ein privatlandskamp mot Noreg på Ullevaal, etter at den nye landslagstrenaren, Laurent Blanc, stengte ute alle landslagsspelarane som hadde vore med i fotball-VM i Sør-Afrika.