Guilty Pleasure av Mia Dimšić
«Guilty Pleasure» Song av Mia Dimšić | ||
Land | Kroatia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 10. februar 2022 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Croatia Records | |
Komponist | Mia Dimšić | |
Tekstforfattar | Mia Dimšić | |
Låtskrivar(ar) | Mia Dimšić, Vjekoslav Dimter, Damir Bačić |
---|
«Guilty Pleasure» er ein song frå 2022 som vert framført av den kroatiske songaren Mia Dimšić. Songen er skriven av Dimšić sjølv, saman med Vjekoslav Dimter og Damir Bačić. Songen vann den kroatiske songtevlinga Dora 2022 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen
endreDora og Eurovision Song Contest
endreI desember 2021 kunngjorde den kroatiske ålmennkringkastaren HRT at «Guilty Pleasure» var blant dei fjorten bidraga som var plukka ut til Dora 2022, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2022.[1] Songen er skriven av Damir Bačić, Vjekoslav Dimter og songaren Dimšić.[2]
I den kroatiske finalen laurdag 19. februar 2022 vann «Guilty Pleasure» både jury- og telefonavrøystinga og enda samla på fyrsteplass med 257 poeng.[3] Som vinnar vart «Guilty Pleasure» det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Der tevla han i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai.[4]
«Guilty Pleasure» vart sloppen 10. februar 2022, ti dagar før den nasjonale finalen. Sidan vart songen utgjeven på selskapet Croatia Records for strøyming og nedlasting 20. februar 2022, dagen etter den nasjonale finalen.[5]
«Guilty Pleasure» deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai 2022. Låten enda som nummer 11 av 17 bidrag, og sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[6]
Plagiatskuldingar
endreI eit intervju med tv-kanalen RTL Danas fortalde Dimšić at Taylor Swift-albuma Folklore og Evermore var dei store inspirasjonane bak songen.[7] Kort tid etter skulda fleire Twitter- og TikTok-brukarar Dimšić for å ha plagiert Swift-songen «Willow» frå 2020.[8][9][10][11] Dimšić avviste at ho hadde plagiert, men tok i staden samanlikninga som eit kompliment, sidan ho er ein stor fan av Swift.[12]
I eit radiointervju 25. februar 2022 framførte Dimšić ei blanding av «Guilty Pleasure» og Swift sin song «Willow», og kalla songen for «Guilty Willow».[13] All blesten og merksemda førte til at «Willow» entra Billboards Croatia Songs-hitliste på niandeplass 5. mars 2022.[14][15] «Guilty Pleasure» har også toppa den kroatiske airplaylista.[16]
Listeplasseringar
endreListe (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Kroatia (HR Top 40)[16] | 1 |
Kjelder
endre- ↑ «Rezultati natječaja – popis pjesama koje su izabrane za Doru 2022.». HRT. Henta 17. desember 2021.
- ↑ «Mia Dimšić wins 'Dora' – will fly the Croatian flag at Eurovision 🇭🇷». Eurovision.tv (på engelsk). 19. februar 2022. Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Croatia: Mia Dimšic wins Dora 2022 and will sing "Guilty Pleasure" at Eurovision». wiwibloggs (på engelsk). 19. februar 2022. Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Eurovision 2022: Which Semi-Final is your country performing in? 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 25. januar 2022. Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Guilty Pleasure - Single by Mia Dimšić» (på engelsk). 20. februar 2022. Henta 8. mars 2022.
- ↑ «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.
- ↑ Balen, Ida. «Mia Dimšić za RTL nakon plasmana na Eurosong: 'Nisam plagirala Taylor Swift, ali njena pjesma mi je bila inspiracija'». Vijesti.hr (på kroatisk). Henta 22. februar 2022.
- ↑ «OD POBJEDNIČKE PJESME DO VJENČANICE: Prijateljice Hana i Mia sinoć su slavile, a danas su obje predmet rasprava». STORYHR (på kroatisk). Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Tviteraši napadaju Miju Dimšić da je iskopirala hit Taylor Swift. Što vi kažete?». www.index.hr (på kroatisk). Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Usporedio pjesmu Mije Dimšić s hitom Taylor Swift. Čujete li sličnost?». www.index.hr (på kroatisk). Henta 8. mars 2022.
- ↑ «TikToker usporedio pjesmu Mije Dimšić s hitom Taylor Swift, pogledajte gdje je primijetio sličnost». tportal.hr. Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Mia Dimšić o kritikama: 'Meni svaka usporedba s Taylor Swift može bit samo kompliment'». www.24sata.hr (på kroatisk). Henta 8. mars 2022.
- ↑ ivana_miseric. «Fremføringen på Instagram». www.instagram.com. Henta 8. mars 2022.
- ↑ Stajčić, Zoran (7. mars 2022). «Konstrakta 'In Corpore Sano' – pamet i originalnost prije svega». Ravno Do Dna (på kroatisk). Henta 7. mars 2022.
- ↑ Cusson, Michael (15. februar 2022). «Croatia Songs». Billboard (på engelsk). Henta 8. mars 2022.
- ↑ 16,0 16,1 «HRtop40 09. tjedan 2022. (21.02.2021. – 27.02.2022.)». Top Lista (på kroatisk). Kroatisk radiotelevisjon. Henta 8. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Guilty Pleasure (Mia Dimšić-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2022.