Guineansk franc
Guineansk franc (fransk: franc guinéen, ISO 4217: GNF) er valutaen som vert brukt i Guinea.
Historie
endreDen fyrste francen
endreDen fyrste guineanske francen vart innført i 1959, for å erstatte CFA-franc. Det var 1, 5, 10 og 25 franc-myntar (laga av aluminiumbronse) med setlar (datert 1958) i valørane 50, 100, 500, 1 000 5 000 og 10 000 franc. Ein annan serie med setlar blei gjeven ut i 1960, utan 10 000 franc. Den andre serien hadde same portrett, men med ulike fargar og design for å reversere den første.[1] Ei ny utgåve av myntar, gjeven ut i 1962, blei laga av koparnikkel.
Den andre francen
endreDen guineanske francen vart attinnført som valuta i Guinea i 1985, på line med syli. Myntane kom i valørane 1, 5 og 10 franc, med 25 franc (1987) og 50 franc (1994) innførte seinare. Setlane kom i valørane 25, 50, 100, 500, 1 000 og 5 000 franc.
Ein annan serie, gjeven ut i 1998, utelet setlane i valørane 25 og 50 franc, sidan dei hadde vorte erstatta av myntar. I 2006 vart ei tredje utgåve innført, i valørane 500, 1 000 og 5 000 franc som liknar på tidlegare utgåvar. 11. juni 2007 vart 10 000 franc-setelen igjen gjeven ut.[2]
I 2010 gav sentralbanken i Guinea ut ein minneserie med 1000, 5000 og 10 000 franc-setlar for å feire femtiårsjubileet for både den guineanske francen og Banque Centrale de la République de Guinée (BCRG) med ein diamantforma logo for storhendingane på framsida av kvar valør på innsida av vassmerkevindauget på høgre side.[3]
Den 9. juli 2012 gav sentralbanken i Guinea ut ein ny 10 000 franc-setel som likna den opphavlege utgåva, men i revidert utgåve. Hovudfargen på setelen blei endra frå grøn til raud, og i staden for eit diamantforma merke plassert på bokstavane «RG» (for Republique de Guinée), er han no erstatta av ein holografisk lapp og den holografiske tryggleiksstripa som no vert vist på baksida.[4] Den 11. mai 2015 utstedte sentralbanken i Republikken Guinea en 20 000 francseddel.[5] Den 21. januar 2018 gav sentralbanken i Guinea ut ein revidert setel for 20 000 franc, med redusert storleik og avanserte tryggleiksfunksjoner. Den 1. mars 2019, på 59-årsdagen for introduksjonen av Guinea sin nasjonale valuta, gav sentralbanken i Guinea ut ein revidert 10 000 franc-setel og ein ny 2 000 franc-setelen.
Guineanske franc-setlar (noverande utgåve) | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Motiv | Valør | Dimensjonar | Hovudfarge | Skildring | Utgjevingsår | ||||
Framside | Bakside | Framside | Bakside | Vassmerke | |||||
100 guineanske franc | Lilla, lysebrun, rosa og grøn | Kvinne; det guineanske riksvåpenet | Bananhausting | 2015 | |||||
500 guineanske franc | Grøn, mørk oliven og lysebrun | Kvinne med hovudtørkle; det guineanske riksvåpenet | Transportband; hovudplagg | Kvinne med hovudtørkle; bokstavane «RF» | 2018 | ||||
1 000 guineanske franc | Brun, lilla, raud, lyseblå og gul | Kvinne; det guineanske riksvåpenet | Dagbrot for bauksitt, bananbunt | 2015 | |||||
2 000 guineanske franc | Grøn og lyseblå | Mann; det guineanske riksvåpenet | Mont Nimba | 2018 | |||||
5 000 guineanske franc | Lilla | Kvinne; mais; det guineanske riksvåpenet | Kinkon-demninga | 2015 | |||||
10 000 guineanske franc | Raud | Gut; det guineanske riksvåpenet | Åker, Mont Loura med fjellformasjonen «Dame de Mali» | 2015 | |||||
20 000 guineanske franc | Blå | Kvinne; det guineanske riksvåpenet | Kaleta-demninga | 2018 |
Kjelder
endre- ↑ Linzmayer, Owen (2012). «Guinea». The Banknote Book. San Francisco, CA: www.BanknoteNews.com.
- ↑ Nachthund (7. januar 2007). «Update - Guinea.». Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 19. januar 2007.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 17. april 2019. Henta 29. oktober 2016.
- ↑ Guinea new 10,000-franc note confirmed BanknoteNews.com. Retrieved 2012-08-27.
- ↑ Guinea new 20,000-franc note (B338) confirmed BanknoteNews.com. July 16, 2015. Retrieved on 2015-07-24.
- Denne artikkelen bygger på «Guineansk franc» frå Wikipedia på bokmål, den 20. oktober 2024.