Koparnikkel

Koparnikkel eller kupronikkel er ei gruppe legeringar av kopar og nikkel, eventuelt også tilsett små mengder andre metall, som mangan. Legeringa er sterkare enn reint kopar, og mindre utsett for oksidering. Flytande kopar og nikkel blandar seg lett, og legeringa kan ha ulike tilhøve mellom dei to metalla.[1]

Sovjetisk mynt av koparnikkel.

Legeringa med rundt 30 % nikkel blir mykje nytta til å laga røyr til bruk i kjemisk industri.[2] Koparnikkel blir også mykje brukt i marin samanheng, ettersom det har god motstand mot korrosjon frå sjøvatn og vekst frå havorganismar.[3]

Ei legering med 75 % kopar og 25 % nikkel vert ofte brukt som myntmetall i myntar som skal ha sølvfarge. Det vart først teke i bruk til dette føremålet i Belgia i 1860.[1] I Noreg har koparnikkel frå 1921 vore brukt til produksjon av mynt frå 10 øre og oppover.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Cupronickel | alloy», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 13. januar 2021 
  2. Christensen, Nils (29. mars 2019). «kobberlegeringer». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «Copper-Nickel Alloys», www.copper.org, henta 13. januar 2021