Guiro
Guiro er eit latinamerikansk perkusjonsinstrument, spesielt utbreidd i kubansk folke- og populærmusikk, og musikkformer som er i slekt med desse.
Guiroen består i den tradisjonelle forma av ein uthola kalebass (graskar med hardt skal), der det er skore inn riller på ei av sidene. Ein bruker så ei stikke eller ein pinne for å stryka over desse rillene, og får med det ein skrapande og gjennomtrengande lyd.
Moderne guiroar blir gjerne produsert i tre, metall eller plast.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Guiro» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2009.