Gulflekkamelhalsfluge

insektart

Gulflekkamelhalsfluge (Xanthostigma xanthostigma) er ei kamelhalsfluge i familien kilehovudkamelhalsfluger (Raphidiidae). Fluga er utbreidd i det meste av Norderlanda, inkludert Island. Ho er kjend i det meste av Mellom-Europa og Storbritannia, og dessutan austover i Asia.

Gulflekkamelhalsfluge
Gulflekkamelhalsfluge Foto: Ole Fogh Nielsen
Gulflekkamelhalsfluge
Foto: Ole Fogh Nielsen
Utbreiing
Utbreiinga til gulflekkamelhalsfluge i Norderlanda
Utbreiinga til gulflekkamelhalsfluge i Norderlanda
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Kamelhalsfluger Raphidioptera
Familie: Kilehovudkamelhalsfluger Raphidiidae
Slekt: Xanthostigma
Art: Gulflekkamelhalsfluge X. xanthostigma
Vitskapleg namn
Xanthostigma xanthostigma

Dei nøyaktige krava gulflekkamelhalsfluga har til levestad er ukjende, men arten finst helst i lauvskog, og dessutan i barskog. Han finst gjerne høgt oppe i trekronene. Livet til gulflekkamelhalsfluga strekkjer seg over to år. Vaksne individ finst i hovudsak i mai og juni, men kan òg finnast i slutten av april og i byrjinga av august.

Kjelder

endre
  •   Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Gulflekkamelhalsflue skriven av Kjell Magne Olsen og Kaare Aagaard og basert på arbeid av Ole Fogh Nielsen. Artikkelen vart utgjeven av BioFokus og NTNU Vitenskapsmuseet under lisensen CC BY 4.0. Henta 25. desember 2019.
      Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.