Gulhette
Gulhette (Mycena citrinomarginata) er ein liten til mellomstor hettesopp. Han ymsar mykje på let og utsjånad, men har som typisk kjenneteikn ein meir eller mindre gulvoren hatt og gul skiveegg. Hatten er 0,5 til 2 centimeter på tvers.
Gulhette | |
Gulhette Foto: Arne Aronsen/Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Underklasse: | Agaricomycetidae |
Orden: | Skivesoppordenen Agaricales |
Familie: | Mycenaceae |
Slekt: | Hettesoppar Mycena |
Art: | Gulhette M. citrinomarginata |
Vitskapleg namn | |
Mycena citrinomarginata |
Gulhette veks i mange slag habitat. Ho veks på pinnar og anna strø på bakken.
I Noreg veks ho over heile landet, inkludert i fjellet, men er generelt ikkje særs vanleg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artiklane Gulhette Mycena - citrinomarginata og Mycena citrinomarginata skrivne av Arne Aronsen. Artiklane vart utgjevne av Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo under lisensen CC BY 3.0. Henta 9. juli 2016.