Ein ballong er ein mjuk behaldar fylt med ein gass som luft, helium eller hydrogen. Enkelte ballongar vert berre brukt til pynt, medan andre kan nyttast til forskjellige oppgåver. Tidlege ballongar vart ofte laga av dyreblærer, medan moderne ballongar som regel er laga av gummi, latex, kloropren eller nylon. Den moderne ballongen vart funne opp av Michael Faraday på 1800-talet, men masseproduksjon starta først på 1930-talet. Sidan ballongar er lette og billige, kan dei brukast på fleire område, og kan nyttast innan meteorologi (vêrballong) og som transportmiddel (luftballong)

Ballongar

Kjelder

endre
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.