Gunn-Rita Dahle Flesjå
Gunn-Rita Dahle Flesjå (fødd 10. februar 1973) er ein norsk terrengsyklist. Ho har deltatt i verdscupen i terrengsykling sidan 1995, og har vunne samanlagt heile fire gongar, 2003, 2004, 2005 og 2006. I 2004-sesongen vann ho alle ritt ho stilte opp i, og skaffa idretten sin stor publisitet i Noreg då ho vann OL-gull i Athen. I 2004 vart ho tildelt Aftenpostens Gullmedalje og ho vart kåra til «Årets kvinnelege idrettsutøvar» for 2006 under Idrettsgallaen 2007 i Hamar OL-amfi.
Gunn-Rita Dahle Flesjå | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. februar 1973 (51 år) Stavanger kommune |
Idrett | stisykling |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sykling under Sommer-OL 2016, Q51099800, 1999 UCI Women's Road World Cup |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Tabuprisen |
Flesjå kjem frå Bjørheimsbygd i Strand kommune, men er i dag busett i Smeaheia i Sandnes. Ho har utdanning i journalistikk ved Høgskolen i Stavanger, og er gift med trenaren sin, Kenneth Flesjå.
Bakgrunnsstoff
endre- «Gunn Rita Dahle-Flesjå» (på engelsk). olympedia.org. Henta 14. februar 2023.
- Nettsida til Gunn-Rita Dahle Flesjå Arkivert 2006-02-18 ved Wayback Machine.Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.