Gunn Vigdis Olsen-Hagen

norsk politikar

Gunn Vigdis Olsen-Hagen (14. august 194630. desember 1989) var ein norsk politikar frå Sandnes i Rogaland. Ho representerte Arbeidarpartiet og Rogaland på Stortinget frå 1977 til ho døydde i 1989.

Gunn Vigdis Olsen-Hagen
Fødd14. august 1946
Sandnes kommune
Død30. desember 1989 (43 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Olsen-Hagen arbeidde frå 1969 i annonse- og abonnementsavdelinga til Rogalands Avis, abonnementssjef 1975-77. Ho var medlem av Sandnes bystyre valbolken 1972-75, og av formannskapet 1976-79.

Ved stortingsvalet i 1977 vart Olsen-Hagen vald inn på Stortinget som representant for Rogaland Arbeidarparti. I si fyrste fireårsperiode var ho medlem av Justiskomitéen, etter den fyrste Brundtland-regjeringa kom til makta i februar 1981 var ho nestformann i komitéen. Dei to neste valbolkane (1981-85 og 1985-89) var ho leiar av Sosialkomitéen. 1985-89 var ho òg medlem i Fullmaktskomitéen, ein komite ho vart vald til leiar i hausten 1989. Ho heldt elles fram som medlem i Sosialkomitéen.

Olsen-Hagen sokna i mange saker til dei radikale i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet.

Kjelder endre