Gunnar Johnsen (28. mai 192410. februar 2001) var ein norsk pressemann og Høgre-politikar frå Oslo.

Gunnar Johnsen
Fødd28. mai 1924
Oslo
Død10. februar 2001 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør
BarnGunnar Johnsen
Alle verv

Johnsen tok examen artium i 1944 og studerte filologi ved Universitetet i Oslo 1946-49. Deretter var han journalist i Sandefjords Blad. Via Høgres Pressebyrå vart han i 1954 tilsett som politisk journalist i Drammens Tidende og Buskeruds Blad, politisk redaktør 1961-77 og sjefredaktør i avisa frå 1977 til 1992.

Johnsen var medlem av Drammen bystyre 1959–63 og av Drammen skulestyre 1960–72, medlem av Buskerud fylkesskulestyre 1964–75. Han var medlem av landsstyret og sentralstyret i Høgre 1968–78 og formann i Buskerud Høgre 1970–78.

Han representerte Buskerud og Høgre på Stortinget 1973–77, men sa frå seg attval då han vart boden stillinga som sjefredaktør i Drammens Tidende og Buskeruds Blad. På Tinget var han medlem av Forsvarskomiteen.

Kjelder endre